Lillebjorn Nilsen – Jenta I Chicago lyrics
Lillebjørn Nilsen - Jenta i Chicago
Evanston by er i staten Illinois
i kanten av Chicago
Evanston by er i staten Illinois
I kanten av Chicago
der traff eg ei som song så vent
ho sulla natt og dag ho
sudeiidei sidudi dudeli då
sudeli då sidudi dudeli dei
Ei jente frå Telemark
i cowboyboots og kofte
på Nevin's Pub i Sherman Street
slikt såg ein ikkje ofte
Når Charlie hadde sungje blues
som del gjer i Chicago
så svara ho med slengje-stev
ho lika slikt eit lag ho
God kveld, sa eg - kva fekk så deg
til denne kant av verda?
- Eg er aupair eg jobbar her
som fyrste stopp på ferda-
- Eg bur i Wilmette som du sikkert har sett
på L-train nord om Skokie
i kveld er eg fri og eg trivs i
ein pub med masse ståk i-
- Og kve med deg? - sa ho til meg
ho let så ljos og glad ho
- Eg ventar på ei møy som deg
dei ventast i Chicago -