Tones On Tail – Basar lyrics
På fredag må gensaren ver klar, for den he eg lovt vekk te menigheten sin basar.
Så, du, eg jynge att å fram mens eg strikke alt det eg kan.
For eg he to dage på meg, så det jenge på snaua rauo.
På fredag så e det basar. Å alt så kan kryba å gå tege finstasen på, å ja!
Magnus han ska holda andakt. Å der bli vinarbrø i pausen.
Bertine hu forsangar å spele på gitar, me andre stemme i så godt me kan;
halleluja! Halleluja!
Eg kan huska sist gong på basaren, då strømmen den jekk mitt onna talen.
Å Magnus sa: Ikkje få panikk, så ska eg gå å få i nåen nye sikringa, det pleie hjelpa på.
Men før han visste ordet av det, ja så greidde han å snobla å riva med seg snoro,
så premiane flaug veggimellom! Stakkars puddelen te Pedar den sleid seg,
ja puddelen te Pedar den sleid seg, å sprang jusså ein tosk å traff veggen med et smell.
Då tok han kveld. Ja, då sa han ikkje meire den dagen.
Stakkars gamle Ida hu fekk panikk. Hu va tilfeldigvis på do då lyse jekk.
Eg kan sjå hu for meg der hu sidde me lokte aue å trykke for harda livet.
Å plutselig så seie det plops i skålo og pang der blir der svart.
De va ikkje løye hu blei skremde!
Men lyse det kom te bage, ja bare sånn att eg he nevnt det.
Å på fredag så e det basar igjen, igjen... Då e eg sikkert ferdig med gensaren.
For eg he jo to dage på meg, så det jenge, ja det jenge på snaua, snaua, snaua...
På snaua rauo.